Studentersongarane på Orgelsommar i Sande

DnS på Sunnmøre 2016 (Foto Kristoffer Moene Rød og Storegjerdesamlinga)

Orgelsommar i Sande er ein konsertserie som har vore arrangert kvar sommar sidan 2001, i Sande kyrkje på Sandsøya. Orgelsommaren inviterer musikarar frå inn– og utland til å presentere smakebitar frå deira rikhaldige repertoar i eit særeige miljø ute i havgapet. Blant tidlegare deltakarar nemner vi:

  • Sølvguttene (2015)
  • Brass Brothers (2015)
  • St. Hallvard-guttene (2013)
  • Henning Sommerro (2012)
  • Knut Reiersrud og Iver Kleive (2013)
  • St. Petersburg trio (sist i 2012)

Andre helga i august reiser DnS til Sandsøya i høve Orgelsommar i Sande. Billettar til konserten kan kjøpast her, eller i døra. Repertoaret for konserten vil mellom anna vere:

  • Sangerhilsen – Grieg, Edvard (1843 – 1907)
  • Naar fjordene blaaner – Paulsen, Alfred (1849 – 1936)
  • Brudefærden i Hardanger – Kjerulf, Halfdan (1815 – 1868)
  • Norges Skaal – Ukjent
  • Madrigal – Halle, Adam de la (1237 – 1288)
  • Mellom bakkar og berg (Nordmannen) – Lindeman, Ludvig Mathias (L.M) (1812 – 1887)
  • Champagnegaloppen – Lumbye, Hans Christian (1810 – 1874)
  • Daemon irrepit callidus – Orbán, György (1947 – -)
  • Abendständchen – Mendelssohn-Bartholdy, Felix (1809 – 1847)
  • Trinklied – Mendelssohn-Bartholdy, Felix (1809 – 1847)
  • Norges Fjelde – Kjerulf, Halfdan (1815 – 1868)

Dirigent er Hanne Benedicte Drabløs. Drabløs er opphavleg frå Trondheim, men bur i dag på Lauvstad i Volda. Ho er utdanna adjunkt, arbeider som kulturskulelærar i Vanylven kommune og er dirigent for Nordvestlandske Vokalensemble. Ho har lang erfaring frå kormusikk, mellom anna som songar og visedirigent for Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening, og som dirigent for Foetus Ex Ore.

Arrangementsbiletet er med velvilje henta frå den rikhaldige Storegjerdesamlinga.